Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 8, 2015
Charles Edward Anderson «Chuck» Berry (f. 1926) er ein USA-amerikansk gitarist, songar og låtskrivar som er kjend som ein av pionerane innan rock and roll. Han var mellom anna ein del av den første gruppa av musikarar som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame då han opna i 1986.
På 1950-åra vart Berry ei etablert rockestjerne med fleire hitplater, og hadde sin eigen nattklubb i St. Louis, men i 1959 skapte han skandale då han blei fengsla for å ha frakta ein fjortenåring over ei delstatsgrense. Då han kom ut av fengsel i 1963 opplevde han ein god start på karrieren igjen sidan fleire band i «den britiske invasjonen», som Beatles og Rolling Stones, spelte inn sine versjonar songane hans. I tillegg hadde The Beach Boys ein hit med «Surfin' USA», som i stor grad er ein direkte kopi av Berry sin «Sweet Little Sixteen». Les meir …