Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 8, 2013
Dunedin er den nest største byen på Sørøya på New Zealand, og den viktigaste byen i regionen Otago. Byen har eit folketal på om lag 120 000. Han er det sjuande største urbane området på New Zealand, og var fram til 2010 byen med den største flatevidda i landet. Historisk, kulturelt og geografisk er Dunedin rekna mellom dei fire største bysentra på New Zealand.
Det urbane området i Dunedin ligg sentralt på austkysten i Otago, kring Otago Harbour. Hamna og høgdedraga kring Dunedin er restar etter ein utsløkt vulkan. Forstadane til byen strekkjer seg ut i dalane og åsane omkring, til eidet på halvøya Otago Peninsula, og langs breiddene til Otago Harbour og Stillehavet.
Den største verksemda i byen er høgare utdanning – Dunedin hyser University of Otago, det første universitetet på New Zealand (frå 1869), og Otago Polytechnic. Universitetet står for om lag 20 prosent av innbyggjartalet i byen. Les meir …