Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 7, 2020
Gdańsk (tysk Danzig, kasjubisk Gduńsk) er ein by ved Gdańskbukta ved Austersjøen, i sentrum av det fjerde største storbyområdet i Polen. I 2013 hadde dette området 1 301 620 innbyggjarar. I lag med kurbyen Sopot, Gdynia og fleire forstader dannar Gdańsk eit storbyområde kalla Trippelbyen (Trójmiasto). Sjølve Gdańsk har om lag 460 000 innbyggjarar og er den største byen i regionen Pommern i Nord-Polen.
Historisk er Gdansk den største byen i området Kasjubia. Han er no den største hamnebyen i Polen og hovudstaden i Pommerske voivodskap. I lag med den nærliggande hamnebyen Gdynia er Gdańsk òg eit viktig industrisenter. Historisk er byen ei viktig hamn og eit senter for skipsindustri, og var eit medlem av Hansaen. Byen var fødestad for solidaritetsrørsla leia av den politiske aktiviteten frå Gdańsk, Lech Wałęsa, som spelte ei stor rolle i å få ein slutt på kommuniststyret i Sentral-Europa. Han er òg heimbyen til politikaren Donald Tusk, som er av kasjubisk opphav. Les meir …