Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 51, 2010
Koptisk kristendom har røter tilbake til dei aller første kristne og kyrkja blei i følgje tradisjonen oppretta av apostelen Markus i Egypt på midten av det 1. hundreåret (rundt år 42 e.Kr.). Den koptiske ortodokse kyrkja er meir enn 1900 år gammal og høyrer til mellom dei orientalske ortodokse kyrkjer. Hovudsetet til den koptiske kristendommen i Alexandria har eksistert sidan kyrkjemøtet i Kalkedon i 451. Leiaren av kyrkja har tittelen «Pave av Alexandria og Patriark av St. Markus' Heilage Stol», for tida er dette pave Shenouda III. Dei kristne i Egypt kallast oftast koptarar, og meir enn 95 % av dei høyrer heime i Den koptiske ortodokse kyrkja.
Ordet koptisk er ei avleiing via arabisk og latin av det greske Αἰγύπτος, aiguptos, altså Egypt. Koptisk kan tyde koptisk kristendom, koptisk språk, og den egyptiske minoriteten koptarar. Les meir …