Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 49, 2013
Helsingfors (Helsinki) er hovudstad i Finland. Den ligg i Södra Finlands län ved Finskebukta. Helsingfors har omtrent 570 000 innbyggjarar. Helsingfors er ein del av Helsingforsregionen, der det bur tilsaman ca. ein million menneske.
Dagens Helsingfors var frå og med mellomalderen folkesett av svenskspråklege bønder. Byen vart grunnlagt av Sveriges konge Gustav Vasa 12. juni 1550, primært som motvekt til hansabyen Reval/Tallinn på sørsida av Finskebukta. Opphavleg vart Helsingfors grunnlagt ved munningen av Vanda å, attmed dagens Arabiastrand. Det vart likevel snart klart av plasseringa ikkje var så god, særleg fordi Vanda å var for grunn. Generalguvernør Per Brahe bestemte i 1640 å flytte byen eit par kilometer sørover, til det som i dag er Kronohagen. Les meir …