Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 46, 2008
Skjergardshavet er ei øygruppe i Austersjøen mellom Bottenhavet og Finskebukta. Med over 20 000 øyar er ho den mest øyrike øygruppa i verda. Dei fleste er svært små og dekkjer eit lite område. Øyane dukka opp frå vatnet kort tid etter den siste istida, og landhevinga er ein prosess som framleis pågår, der nye skjer og øyar sakte vert danna, medan dei eldre øyane vert større eller veks i hop.
På 1700- og 1800-talet var talet på tvillingfødslar i forhold til folketalet større her enn nokon anna stad i Europa, og svært mykje høgare enn på det finske fastlandet. Årsaka til dette var fiske. Fisk er ei svært god kjelde til protein og umetta feitt, og er tilgjengeleg sjølv når avlingane sviktar. Fiske var derimot farleg og førte til mange dødsfall, og dette auka fordelen med tvillingfødslar. Les meir…