Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 42, 2013
Udseende
Skatt er ytingar frå private til det offentlege utan konkret vederlag. Fråværet av formelt konkret vederlag skil skattar frå betalingar for offentlege tenester (gebyr). Hovudformålet med skattar er å finansiera offentleg forbruk og investeringar, og overføringar til privat sektor.
Skattenivået i Noreg, målt i høve til BNP, er lågare enn i Danmark og Sverige, og omtrent på nivå med Belgia, Frankrike, Italia og Finland. Dei fleste OECD-land har likevel eit lågare skattenivå. Det er særleg skatten på inntekt, overskot og kapitalgevinst som er høg i Noreg samanlikna med dei andre OECD-landa. Læs mere …