Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 42, 2009
Udseende
[[Fil:|120x170px|link={{{3}}}|{{{2}}}]]
Guru Nának (1469 - 1539) var grunnleggjaren av sikhismen og den første av dei ti sikh-guruane.
Nának vart fødd i landsbyen Talvandi Rai Bhoai, i nærleiken av Lahore i det noverande Pakistan. Foreldra hans, Mehta Kalu og Matta Tripat, var hinduar og høyrde til kjøpmannskasten. Allereie som gutunge var Nának fascinert av religion, og ønsket hans om å oppdaga livsmysteriet førte han etterkvart ut på lange reiser.
Ein morgon da han var 28 år gammal gjekk han som vanleg ned åt elva for å taka eit bad og meditere. Det er sagt at han var forsvunnen i tre dagar, og at han da han kom til syne att, fylt med Guds ande, sa: «Det finst ingen hindu og ingen muslim!» Frå denne tida av byrja han på misjonsarbeidet sitt. Les meir …