Spring til indhold

Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 34, 2024

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Jorda under trias

Trias er ein geologisk periode som varte frå 251 til 199 millionar år sidan. Han er den første perioden i mesozoikum, kjem etter perm og vart etterfølgd av jura. Både starten og slutten på trias er markert av store masseutryddingar. Utryddingshendinga som lukka trias har nyleg vorte meir nøyaktig utrekna, men som med dei fleste eldre geologiske periodar er berglaga som definerer starten og slutten på perioden veldefinerte, men tidspunkta har ein feilmargin på eit par millionar år.

Under trias byrja både livet i havet og på land å flytte økologiske nisjar i den særs tynne biosfæren som var etter perm-trias-utryddinga. Korallane hexacorallia dukka første gong opp og dei første blomsterplantene kan ha utvikla seg under trias. Det same gjorde dei første flygande virveldyra, flygeøglene. Les meir …