Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 33, 2011
Laki er ein vulkan sør på Island i Vatnajökull nasjonalpark. Laki er ein del av eit vulkansystem rundt Grímsvötnvulkanen og inkluderer Eldgjá og Katla, og ligg mellom isbreane Mýrdalsjökull og Vatnajökull, i eit område med vulkansprekker som går frå sørvest til nordaust. I 934 produserte Lakisystemet eit svært stort vulkanutbrot, som sprøyta ut 19,6 km³ lava, eit av dei største vulkanutbrota i historisk tid.
I 1783-1784 hadde systemet eit nytt utbrot frå Lakisprekkene og den nærliggande Grímsvötnvulkanen og 15 km³ med basaltlava vart spydd ut i lag med ei giftsky av fluor/svoveldioksid som mellom ana tok livet av over halvparten av buskapen på Island. Utbrotet og etterverknadene av dette førte til at over seks millionar menneske døydde globalt og at 21 % av folkesetnaden på Island mista livet. Temperaturen vart senka, noko som førte til feilslåtte avlingar i Europa, tørke i India og hungersnaud i Japan. Utbrotet er det med flest drepne i historisk tid. Les meir …