Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 3, 2014
Gangesdeltaet er verdas største elvedelta. Det ligg ved Bengalbukta i Bangladesh og India ved munningen av fleire elvar, ei av dei Ganga, som har gjeve namn til deltaet. Området er svært fruktbart, og brødfør fleire hundre millionar menneske. Det er også flatt og lågtliggande, og dermed utsett for naturtrugsmål som flaum og havstiging.
Deltaet er om lag 350 km breitt der det renn ut i Det indiske havet via Bengalbukta. Flatevidda varierer i ulike kjelder, frå 60 000 km² til 130 000 km². Dei tre elvane som møtest i deltaet er nedre Ganga, som heiter Padma eller Pôdda i Bangladesh, nedre Brahmaputra, (Djamuna eller Djomuna), og Meghna. Utløpet av Hugli, ei sideelv til Ganga, blir gjerne rekna som den austre enden av deltaet. Ved denne elva ligg dei indiske hamnebyane Kolkata og Haldia. Aust for Gangesdeltaet ligg Chittagong, ein anna viktig hamneby til Det indiske havet, medan hamna Mongla ligg midt i. Les meir …