Spring til indhold

Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 29, 2016

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
St. Magnuskatedralen i Kirkwall. Biskop Bjarne starta det andre byggetrinnet i 1188.

Bjarne Kolbeinsson (ca. 1150–1223) var ein norsk-orknøysk skald og geistleg. Han var biskopOrknøyane frå 1188 til han døydde, men i Noreg vart han kanskje mest kjend som skalden som dikta «Jomsvikingdråpa».

Biskop Bjarne høyrde til ei av stormannsættene på Orknøyane og han var aktiv i politisk arbeid. Han var fleire gonger i Noreg i viktige politiske forhandlingar og om dette er han nemnt både i Sverresoga, i Soga om Håkon Håkonsson og i Bǫglunga sǫgur (Baglarsogene). Mellom anna følgde han i 1194 orknøyjarlen Harald Maddadsson til Noreg for å oppnå forlik med kong Sverre Sigurdsson. Han deltok i to riksmøte i Bergen, siste gongen i juli 1223. I september det året døydde han, truleg medan han framleis var i Noreg. Les meir …