Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 28, 2008
Insekt (frå latin in secta, ”i delar” etter kropssegmenteringa deira) er ei gruppe seksfota leddyr som er utbreidd over heile verda. Det er beskrive godt over ein million ulike artar, 15 000 av dei er registrert i Noreg. Talet på beskrivne artar aukar med om lag 3 500 i året, og ein reknar med at det reelle artstalet ligg mellom tre og hundre millionar artar.
Ein finn insekt dei fleste stadar på land og i ferskvatn, kor dei spelar særs viktige rollar økologisk. Dei er både viktige predatorar på andre virvellause dyr og viktige matorganismar for større dyr. Mange blomsterplantar er dessutan avhengige av insektpollinatorar for å kunne formeira seg.
Insekt er òg dei dyra som skapar flest problem for menneske. Kvart år vert ein tredel av verdas avlingar øydelagt av insekt av eit eller anna slag. Mange sjukdommar vert òg spreidd via insekt, mellom anna malaria.
Sidan insekta er så enormt mangfaldige, talrike og økologisk viktige, er studiet av dei rekna som eit eiga fag, kalla «entomologi». Les meir…