Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 27, 2015
2. bataljon er ein av tre manøverbataljonar i Brigade Nord saman med Panserbataljonen og Telemark bataljon. Bataljonen, som vart oppretta i 1947, held til ved Skjold leir i Troms. Bataljonen skil seg kraftig frå dei andre manøverbataljonane sidan avdelinga er upansra og består hovudsakleg av vernepliktig personell. Medan «nabobataljonen» aukar talet på verva soldatar, vil 2. bataljon vidareførast som ein verneplikt-basert bataljon. Avdelinga går også under namnet Infanteribataljonen grunna det store fokuset på fotsoldatar. Sidan 2. bataljon spesialiserer seg på arktisk krigføring og forsvarsstrid, er avdelinga ein sentral aktør i innanriksforsvaret. Likevel var ikkje avdelinga ein uviktig aktør i Noreg sitt bidrag til NATO-styrkene i Afghanistan. Tenesta er ifylgje Forsvaret utfordrande og skal siktast inn mot oppdrag frå reine kampsituasjonar til handtering av oppdrag i fredsstøtteoperasjonar. Les meir …