Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 25, 2010
Udseende
Ibn Battuta (24. februar 1304–ca. 1377) var ein marokkansk reisande, rettslærd og forfattar. Han blei fødd i Tanger under Marinidedynastiet, i ein familie av muslimske rettslærde. Då han var 21 la han ut på ei hadj-reise til Mekka. Det skulle gå 24 år før han vende tilbake til heimlandet.
Skildringane hans av reiser gjennom Afrika og Asia mellom 1325 og 1354, gjev eit godt bilde av den muslimske verda på denne tida. Dei vidkjende reiseskildringane hans, kjend som Rihlah, skildrer reiser på over 120 000 km der han vitja nesten alle dei muslimske landa i verda, frå Vest-Afrika til Kina. Les meir …