Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 22, 2014
Tyrkiske språk er ei gruppe av minst 35 språk som vert snakka av om lag 2,5 % av menneskeslekta. Talarar av tyrkiske språk finst frå Middelhavet og Søraust-Europa i vest til Sibir og vestlege Kina i aust.
Av språkhistoriske grunnar vert språkfamilien delt inn i to grupper, tsjuvasjisk (ofte kalla den bolgarske greina av dei tyrkiske språka) på den eine sida, og alle dei andre tyrkiske språka på dei andre. Skilnadene dei to gruppene i mellom er framfor alt fonologisk, det er mogleg å rekonstruere alle andre tyrkiske språk enn tsjuvasjisk til same urspråk. Dei tyrkiske språka er svært like kvarandre. Etter at Sovjetunionen braut saman har Tyrkia byrja å sende TV-sendingar via satellitt inn i dei tyrkisktalande områda i Sentral-Asia. Les meir …