Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 22, 2012
Udseende
Norwich er ein by ved elva Wensum i Aust-England. Byen er administrasjonsbyen i grevskapet Norfolk, og utgjer eit eige distrikt. Byen har 135 100 innbyggjarar (2010).
I 1066 då normannarane invaderte England, var Norwich den største byen i England, etter London. Rikdomen som finansierte bygginga av mange vene kyrkjer, kom frå ullhandel opp gjennom mellomalderen. Norwich har enno fleire mellomalderkyrkjer enn nokon annan by i Vest-Europa. Næringslivet i Norwich var før hovudsakleg industri og skoproduksjon. Dette endra seg i åtti- og nittiåra til sørvisbasert næringsliv. Les meir …