Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 2, 2014
Brahmaputra er ei av dei store elvane i Asia, om lag 2 900 km lang. Ho renn frå den autonome regionen Tibet i Kina, gjennom Arunachal Pradesh og Assam i nordaustre India, og deretter tvers gjennom Bangladesh. Der møter ho Ganga og munnar ut i Bengalbukta som Gangesdeltaet, det største elvedeltaet i verda. Elva er ei mykje brukt transportåre. Dei nedre delane er ein livsviktig vasskjelde for bønder, og er heilage for hinduar. Flaumane i elva kan samstundes vera valdsame og dødelege. Brahmaputra er ei av få store elvar som har ei tidevassbølgje.
Brahmaputra spring ut nær Kailasfjelllet, som er heilag for hinduismen, buddhismen, djainismen og den tibetanske bön-religionen. Tibetanarane kallar henne mellom anna «mor-elva». Innan hinduismen finst det fleire myter om korleis Brahmaputra kan vera sonen til Brahma. Kalika Purana frå 900-talet fortel til dømes at han blei fødd som sonen til vismannen Shantanu og kona Amogha, og plassert mellom dei fire fjella Kailash, Gandhamadana, Jarudhi og Sambaka som ein vasskjelde til glede for himmelske skapningar og menneske. Les meir …