Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 16, 2015
Udseende
Utviklinga av traktoren tok til på 1800-talet. Dei fyrste traktorane var dampdrivne. Den fyrste traktoren med forbrenningsmotor med innvendig forbrenning vart laga av Charter Gas Engine Co. i USA i 1889. Han vart bygd ved å montera ein einsylindra stasjonærmotor på ramma frå ein Rumbely damplokomobil.
Moderne traktorar er større og meir sofistikerte. Farten kunne koma opp i rundt 70 km/t ved transport på veg, og ved tomkøyring heilt opp i 120 km/t. På store bruk har satellittnavigasjon vorte teke i bruk for å dosera gjødsel og ugrasmiddel ved at posisjonen til traktoren vert kopla til elektroniske kart krysskopla mot statistikk som synar kor mykje gjødsel og/eller ugrasmiddel som trengst. Les meir …