Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 1, 2014
Newtons rørslelover er tre fysiske lover som i lag legg grunnlaget for klassisk mekanikk. Dei skildrar forholdet mellom ein lekam og kreftene som verkar på han, og rørsla desse kreftene skapar. Dei har vorte formulerte på mange måtar i løpet av dei nesten 300 åra sidan Isaac Newton først formulerte dei, og kan oppsummerast som følgjer:
1. Newtons første lov: Når resultanten av alle kreftene som verkar på ein gjenstand er lik null, er gjenstanden i ro eller i rørsle med konstant fart langs ei rett linje.
2. Newtons andre lov: Akselerasjonen til ein lekam er direkte proporsjonal til, og same retninga, som nettokrafta som verkar på lekamen og omvendt proporsjonal til massen til lekamen. Det vil sei at F = ma, der F er nettokrafta som verkar på lekamen, m er massen til lekamen og a er akselerasjonen til lekamen.
3. Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar på ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen.
Dei tre lovene vart først nedskriven av Isaac Newton i hans Philosophiæ Naturalis Principia Mathematica (Matematiske prinsipp i naturfilosofien), som først vart publisert i 1687.
Den newtonske mekanikken er i dag erstatta av spesiell relativitet, men er framleis nyttig som ei tilnærming når hastigheitene som er involvert er mykje mindre enn lysfarten. Les meir …